Kapitteloversikt
til hovesidenutskrift
 

Sosiale skilnader og helse

Artikkelen ”Farleg tungt på Austkanten” av Magnhild Folkvord stod i Klassekampen lørdag 22.06. 2002. Les den og svar på spørsmålene.

Oppgave

  1. Hvilke sosiale forskjeller ble funnet i undersøkelsen ”Oslohelsa 1997”?
  2. Forklar hva det vil si at overvekt er et sosialt problem.
  3. Hva er en livsstilssykdom?
  4. Kom med fem forslag til hva den enkelte og samfunnet kan gjøre for at folk skal endre livsstil og kosthold.
  5. Vurder om kosthold og helse er en samfunnssak eller en privatsak.

Kilde

Farleg tungt på Austkanten

– Eg måtte gå mange rundar med meg sjølv før eg kunne gå ut offentleg med ein bodskap om overvekt og folkehelse, seier bydelsoverlege Anne Karen Jenum.

Ei jente som veks opp i ein drabantby i Groruddalen kan forventa eit sju år kortare liv enn ei som veks opp på Vinderen. Jenta i Groruddalen har statistisk også ein vesentleg større sjanse til å bli overvektig i løpet av vaksenlivet enn ho som veks opp i vestlege bydelar, og det er ikkje usannsynleg at overvekta vil vera medverkande årsak til alvorleg sjukdom.

Bydelsoverlege Anne Karen Jenum på Romsås har vore oppteken av helsetilstanden i Oslo aust i mange år, og har om lag tjue års erfaring som lege i austlege bydelar. Den omfattande undersøkinga «Oslohelsa», som vart fullført i 1997, viser at det er ein klar samanheng mellom levealder, sosioøkonomiske forhold og livsstil. Dei som har høgast utdanning og inntekt, har den sunnaste livsstilen og størst sjanse til eit langt liv. I Oslo fell dei sosioøkonomiske grensene i stor grad saman med skilja mellom aust og vest i byen, bydelane Vinderen og Romsås er tydelege motpolar.

Jenum har mellom anna samanlikna helsefarleg overvekt hos 40-åringar i aust og vest i Oslo. Ho konstaterer store skilnader, og som det mest alarmerande peiker ho på at tendensen til helsefarleg overvekt – i denne samanhengen definert som kroppsmasseindeks (BMI) over 30 – er aukande i austlege bydelar.

– Eg er ikkje oppteken av det som kan kallast «kosmetisk overvekt». Det som er alvorleg, er å sjå korleis aukande overvekt heng saman med risiko for alvorlege sjukdommar. Eg måtte likevel gå mange rundar med meg sjølv før eg kunne gå offentleg ut med ein bodskap om overvekt og folkehelse, seier Jenum.

Livsstil og identitet
Dei tydelegaste utslaga ser ho når det gjeld diabetes. Aukande overvekt gir så mange tilfelle av «diabetes type 2» at det er eit folkehelseproblem. Undersøkingar gjort i 2000 viser til dømes at blant norskfødde menn i Oslo aust har 11 prosent i aldersgruppa 50–59 år diabetes, og i aldersgruppa 60–69 gjeld det heile 16 prosent. Den helsefarlege overvekta aukar også risikoen for hjarte- og karsjukdommar. Overvekt blir no rekna som ei følgje av ein livsstil med lite fysisk aktivitet, og fysisk inaktivitet kan reknast som «den gløymde risikofaktoren».

Gjennom arbeidet som lege har Jenum også sett mykje på vilkåra for å endra det som kan karakteriserast som «usunn livsstil», eller «uheldige kostvanar». Ho samanliknar gjerne situasjonen for ein direktør på Vinderen med ein sjåfør i Groruddalen. Begge kan vera i risikosonen for helsefarleg overvekt.

Vinderen-direktøren har sannsynlegvis folk rundt seg – både på jobben, i familien og i nærmiljøet – som er godt informerte om og opptekne av kva som er gode og dårlege kostvanar, eit fåtal røykjer, og dei har sterke tradisjonar for fysisk aktivitet, anten det er organisert trening eller eigne turar i Marka og på fjellet. Å gjennomføra dei endringane i kosthald og livsstil som legen vil tilrå, krev ikkje noko brott med dei næraste omgivnadene, snarare tvert om.

For sjåføren i Groruddalen er det stor sjanse for at folk i miljøet rundt han er mindre opptekne av kva som er sunt og usunt, langt fleire røykjer, og det er ikkje dei same tradisjonane for fysisk aktivitet som lengre vest. Her kan det å leggja om kost og aktivitetsnivå vera ei langt større personleg utfordring, fordi det vil seia å bryte med det som er vanleg.

– I nokre høve kan dette nesten samanliknast med å gå åleine på ski over Grønland, seier Jenum. Ho har sett eksempel på at folk som har gjort store endringar i livsstilen sin har blitt møtt med negative reaksjonar frå omgivnadene.

Desse spørsmåla opptar Jenum når ho arbeider med «Mo-Ro-prosjektet» – «Mosjon på Romsås». Informasjon til innbyggjarane har som mål å få alle til å tenkja at det er mogeleg å gjera noko, at sjølv små endringar for å auka den fysiske aktiviteten kan ha store positive utslag på helsa. Heller litt mosjon enn mykje dårleg samvit.

– Eit viktig stikkord er identitet. Både Vinderen og Romsås har kort veg til Marka, men heilt ulike tradisjonar for fysisk aktivitet. Mange av dei som bur på Romsås, har hatt foreldre som hadde tungt fysisk arbeid og dermed lite tid og krefter til fysisk aktivitet i fritida, heilt motsett av det som har vore vanleg på Vestkanten. Dagens Romsås-buarar har ikkje same grad av tungt arbeid som foreldra, men mange av dei har heller ingen identitet i forhold til fysisk aktivitet i fritida. I tillegg har mange negative erfaringar frå det som var obligatoriske idrettstiltak i skoletida. Slike forhold må ein ta på alvor dersom ein meiner det er viktig å få til endringar, seier Jenum.

Lågstatus
Jenum meiner norsk helsevesen har forsømt å ta på alvor kor mykje sosial ulikskap har å seia for helsetilstanden. Ho meiner dette i stor grad har med fordelingspolitikk å gjera, og etterlyser meir interesse hos dei som sit på pengesekkene for å gjera noko med dei store skilnadene.

Her kjem ein ikkje utanom forsking også på livsstilstiltak. Mo-Ro-prosjektet omfattar både informasjon, tilrettelagde mosjonsaktivitetar, og planar for meir strukturelle tiltak. Førebels har det lykkast å finansiera ein gangsti i bydelen. Bydelsoverlegen ønskjer seg meir, mellom anna utvida opningstid i svømmehallen, og fleire tiltak overfor barn og unge.

– Kva seier du til dei som vil definera overvekt som ein sjukdom som krev medisinsk behandling?

– Eg er ikkje i tvil om at dei relativt få som er svært overvektige bør få betre tilbod om medisinsk behandling. Men behandling med dei nye medikamenta for overvekt er ikkje noko svar på den trenden med aukande overvekt som vi no ser store utslag av i dei austlege bydelane. Den må møtast med tiltak på fleire område, seier Jenum.